Carved in Rock.
Made to last.
Kolleksjon hausten 2021

Teikn frå ei tid då tankar om liv og død blei rissa i stein

Vårt konsept tek deg med – 7000 år tilbake i tid, der grunnleggarane våre rissa starten av vår historie i stein. Frå tankevekkande og unik bergkunst, tek vi deg med til notida, – der ny kunnskap og krav til sterke og varige løysingar, vert mana fram gjennom merkevara TEIKN.

Om vår kolleksjon

Inspirert av natur og original norsk bergkunst, har vi henta fram 5-7000 år gamle, originale figurar frå Vingenfeltet i Nordfjord, og latt dei få prege designet til to av våre nye kolleksjonar. Vingen og Flokk.

Med eit hint til 60- og 70-talet, – og med fargar som ber om merksemd, har vi også designa eit retro frokostsett med namnet Hjartespor.

Produksjonen har vi gjort i samarbeid med Figgjo Norway, Norges fremste porselensprodusent.

Teikn-produkta kan kjøpast hos utvalde butikkar, i første omgang hos BergArt på Nordfjordeid og Livsstilsbutikken Farmen i Bremanger.

Vingen

Vingen-koppen er ein hyllest til det magiske Vingenfeltet og den storslagne naturen i Nordfjord. På Vingen-koppen har vi brukt ein original hjortefigur frå dette området. Svart og kvit. Enkelt, reint og tøft. Ekte saker.

Koppen: 28 CL Figgjo

Hjartespor

Frukostsett i fire ulike fargar, kopp og fat. Original Teikn-design, med retro-mønster som minner oss om 60- og 70-talet. Hjartespor skal minne oss om det enkle og det nære. Om å ta vare på det vi har kjært.

Koppen: 30 CL Figgjo 
Denne koppen, og 35-serien frå Figgjo, designa av Ragnar Grimsrud i 1961,  er ein norsk designklassikar, som du òg vil finne utstilt på det nye Nasjonalmuseet. 

Fat: Frokost-asjett 21 cm i 35-serien frå Figgjo.

Kopp og fat kan om ønskjeleg kjøpast separat.

Flokk

Mellomstor kopp med dekor satt saman av original figur frå Vingen. Presentert i tre jordnære fargar som skapar harmoni og ro.

Koppen: 22 CL Figgjo 

Ei sterk historie prega av mystikk og livskraft

Konseptet

Visjonen til Teikn er å skape nye produkt og design med inspirasjon frå natur og kultur. Vårt mål er å bygge ei norsk merkevare som gjenspeilar norske verdiar og skandinavisk design.

Teikn kommuniserer det jordnære og det ekte, og tek deg med inn i vår samtid der vi set spor i ei urban tid gjennom aktive liv.

TEIKN handlar om det eksotiske og det mystiske. Om urkrafta i oss, – og om skapertrang, formidla gjennom oppsiktsvekkande bergkunst.

Teikn på utvikling, mangfold og liv. Våre produkt skal vere funksjonelle, tidlause og ikkje minst holdbare.

Vill og magisk natur

Nordfjord og Vestlandet er kjent for vill og vakker natur. Omgjevne av fjell og fjord, og ei barsk kystline, med innspett av lange kvite sandstrender, kan ein i Nordfjord oppleve noko av det beste Norsk natur har å by på. Heilt ytterst i Nordfjorden, finn vi Vingen i Bremanger, med eitt av Noregs og Europas mest interessante helleristningsfelt. Ein stad der mystikken og magien framleis pregar det barske landskapet. 

Spor frå fortida

Vi ønskjer her å heidre denne, nesten gløymde, kulturarven. Bergkunsten i Vingen er ein unik norsk kulturskatt med over 2200 registrerte figurar. Inntil 7000 år gamle ristningar av dyr, mennesker, og andre mystiske teikn. Teikn frå ei tid då tankar om liv og død blei rissa i stein.

Steinalder grafitti

Sett i dagens perspektiv, – og med moderne auge, har vi våre eigne uhøgtidlege tankar om korleis vi kan tolke rissningane.

Vi ser på bergkunst litt på same måte som grafitti. Helleristningane var steinaldertidas gatekunst. På dei ledige flatene dei fant, brukte dei skaparkrafta si for å uttrykke tankar om livet – og etterlivet, om frykt og håp, om kampen for å overleve endå eit år, eller kanskje berre kome med sitt «statement» – her var eg! Kvar med sin eigen måte å utrrykke seg på.

Gatekunst av Banksy

Teikn for framtida

Kva handlar kunsten om, og kvifor vart Vingen ein yngleplass for kreativitet og skapartrang? Dette veit vi ikkje, men det vi allefall har lært er at kunsten som blei rissa i bergveggen der vart laga av ein grunn, og den har holdt seg synleg og haldbar fram til idag. 7000 år seinare! Vi likar ting som er laga for å vare. Vingen-funna er ei gåve frå fortida med ein bodskap for framtida.

Carved in Rock. Made to last.

Vingen 1913. Motivet er fra lokaliteten Elva, innerst i Vingen og mannen med pipa er Olav Espevoll, som var preparant ved Bergens museum. Figuren i vårt merke er henta frå dette området. Foto: Gustaf Hallström

Eit symbol for utvikling, mangfold og liv

Vårt logosymbol er ein original figur henta frå bergveggen i Vingen. Ein spenstig kropp som formidlar naturleg livsglede og vitalitet.

Smykker

TEIKN-smykker med figuren «Happi».

Smykka er handlaga og kvart smykke vert unikt og magisk, akkurat som helleristningane som har inspirert oss til denne eksklusive produksjonen.

Oh Happi Day

Handlaga unikt smykke i 830 sølv, ø 20 mm, levert med 50 cm oksidert kjede.

Pur Happi

Handlaga unikt smykke i 830 sølv, ø 20 mm, levert med 50 cm oksidert kjede.

Born Happi

Handlaga unikt smykke i 830 sølv, ø 15 mm, levert med 50 cm oksidert kjede.

Happi-smykka frå TEIKN er eit resultat av samarbeid med gullsmed Kathrine Berg. Smykkene kan kjøpast hos BergArt på Nordfjordeid.

Kontakt oss

STEINART
E: steinar@steinart.no
M: +47 958 14 927

Design, foto og konsept: Steinar Engeland.
© Figuren Happi er eit registrert varemerke.