CARVED IN ROCK - MADE TO LAST

TEIKN er rotekte norsk design, inspirert av steinalderkunst, natur og kultur. Med våre design og produkt vil vi hylle livet og unik bergkunst.

Vi ønskjer her å spesielt heidre eitt av Europas største helleristningsfelt – Vingenfeltet i Nordfjord. Ein stad der mystikken framleis pregar det barske landskapet. Ein unik norsk kulturskatt med over 2300 registrerte figurar. Inntil 7000 år gamle ristningar av dyr, mennesker, og andre mystiske teikn.

Den originale bergkunsten, dei majestetiske fjella
og den fantastiske naturen i Nordfjord,
har inspirert oss til å skape TEIKN-kolleksjonane.

Unik bergkunst som inspirerer.

SMYKKER

TEIKN-smykker med figuren «Happi».
Smykka er handlaga og kvart smykke vert unikt og magisk, akkurat som helleristningane som har inspirert oss til denne eksklusive produksjonen.

Oh Happi Day

Handlaga unikt smykke i 830 sølv, ø 20 mm,
levert med 50 cm oksidert kjede.
kr 2950,- 

Pur Happi

Handlaga unikt smykke i 830 sølv, ø 20 mm,
levert med 50 cm oksidert kjede.
kr 1950,- 

Born Happi

Handlaga unikt smykke i 830 sølv, ø 15 mm,
levert med 50 cm oksidert kjede.
kr 2450,- 

Happi-smykka frå TEIKN er eit resultat av samarbeid med gullsmed Kathrine Berg i BergArt. Smykkene kan kjøpast på utvalde stadar – i første omgang hos BergArt på Nordfjordeid.
Meir info om fleire utsalsstadar kjem.

eit symbol for
vitalitet og glede

Stjerne og «Rock Star» i vårt merke, er figuren Happi.
Ein original figur henta frå bergveggen i Vingen.
Ein spenstig kropp som formidlar vitalitet og glede.

ei sterk Historie
Prega av
mystikk og livskraft

TEIKN leier tankene våre tilbake til urgamal tid, der teikn om liv og død blei rissa i stein. TEIKN handlar om det eksotiske og det mystiske, om urkrafta i oss og om skapertrang formidla gjennom oppsiktsvekkande steinkunst. TEIKN kommuniserer det jordnære og det ekte, og tek deg med inn i vår samtid der vi set spor i ei urban tid gjennom aktive liv.

TEIKN skal stå fram med sitt særpreg og setje spor i eit globalt og varig perspektiv.

teikn frå ei tid, då tankar
om liv og død blei rissa i stein

med krafta frå ein ung mann
og ein spenstig og glad Hjortefigur

Happi handlar om livet. Om å leve liva våre så godt vi kan, til beste for oss sjølve og for jorda vår. Happi-smykka er laga til minne om Idar Vingen Engeland. Han var engasjert og oppteken av bergkunsten i Vingen, og han var involvert i fleire prosjekt der motiv med helleristningar frå Vingen var tema. Spesielt fanga figuren Happi ei særleg interesse. Han skulle óg vere med å lage nye spennande design, inspirert av morsarven frå hans kjære Vingen.

Idar si reise varte desverre ikkje så lenge. Som 25-åring fekk han påvist kreft. Etter fem års kamp måtte han gje tapt. Idar døydde i februar 2020, berre 30 år gamal.

Vi vil feire livet og minnast dei gode dagane. Idar elska Vingen og figuren Happi. Difor er det viktig for oss, – med respekt for både Idar – og den sterke historia, å arbeide vidare med vår inspirasjonskjelde – bergkunsten og kulturarven frå Vingen.

Om Teikn
Gründer og skapar av TEIKN er designer og fotokunstnar Steinar Engeland. Steinar har lang erfaring frå ulike designselskap og er i dag kreativ leiar i designhuset BYRR AS på Nordfjordeid. Via si interesse for kunst og fotografering gjennom sitt selskap Steinart, har han hatt fleire utstillingar, også med temaet bergkunst og helleristningar frå Vingen. Kjennskapen til Vingen – og interessa for historia der, har Steinar fått etter å ha blitt ein del av Vingen-familien som har sine anar der – og med det, moglegheita til å vere i Vingen og sjå området med eigne auge.

Vår inspirasjon
Kva dei ulike helleristningane betydde og kvifor dei vart laga i så stort omfang, veit ikkje vi så mykje om, men vi har våre eigne uhøgtidlege teoriar om dette. Vi ser på helleristningane litt på same måte som dagens gatekunstnarar gjer med sin grafitti. Ein nyttar tilgjengelege flater for å uttrykke si meining. Gjerne om dei store tema i livet – om liv og død og alt det som skjer derimellom. Kvar med sin eigen måte å uttrykke seg på. Sannsynlegvis var det noko religiøst og rituelt innblanda i dette, men det overlet vi til ekspertane å tolke.

Visjonen til TEIKN er å skape nye produkt og design med inspirasjon frå bergkunsten frå Vingen. TEIKN har eit spesielt fokus på å sjå betydninga av bergkunsten idag, sett i dagens perspektiv, der «bruk og kast» mentaliteten, med produkt med kort haldbarheit er eit stort problem.

Vårt motto: Rissa i stein, lagd for å vare.
Carved in Rock. Made to last.

Design, foto og konsept: Steinar Engeland. © Figuren Happi er eit registrert varemerke.
STEINART – steinar@steinart.no – +47 958 14 927